Nettstadforvandling

I tida framover vil Fusa Universal bli bygd om til noko ganske anna enn det nettstaden er no. Både design og form, men aller mest når det gjeld innhaldet.

Frå å vere ein blogg som nesten aldri blir oppdatert (1 gong i månaden i snitt), skal det altså skje ei aldri så lita forvandling av Fusa Universal. Det må det!

Kanskje litt kryptisk denne meldinga, men det kan vere bra å halde litt på spenninga.

Forvandlinga vil ikkje skje heilt plutseleg, så den beste måten å følgje den på er å besøkje denne adressa i tida som kjem.